fredag 22. november 2013

Juleturne med Lille Messias




LILLE MESSIAS-KRISTIN SKAARE OG ÅSNE VALLAND NORDLI:

-24 november Julekonserten Lille Messias i RYGGE Kirke .19.00
-28 november Julekonsert for kirkens bymisjon, Oslo 18.30
-29 november Julekonsert Lille Messias i Heggedal Kirke i ASKER 20.00
-30 november Julekonsert Lille Messias i Brukshuset Kulturscene HAMAR 20.00

-9 desember Julekonsert Lille Messias i kulturkirken Jacob i OSLO 19.30
-12 desember Riks hospitalets kirke og Radiumhospitalets kirke. 11.00 og 14.00
-13 desebeor Julekonsert Lille Messias i Jar Kirke i BÆRUM. 19.00
-14 desember Julekonset Lille Messias i Røa Kirke i OSLO. 20.00
-15 desember Julekonserten "jul i Briskeby" i Uranienborg kirke, OSLO 18.00






fredag 25. oktober 2013

Halloween eller Hallovenn

Eg er ikkje glad i halloween. Det er mange grunnar til det. Det er ikkje ein norsk tradisjon.
Det er noko markedskrefter har dratt inn for å tjene pengar. Det oppmuntar born til dårleg oppførsel. Det skremmer små barn og i nokre tilfeller voksne. For ikkje å gløyme det spirituelle aspektet.
Men halloween er nok kome for å bli sjølv om mange ikkje likar det. Eg syns filadelifia i Hamar har gjort ein genial vri på feiringa. I staden for Halloween har dei starta Hallovenn. Eit stort arrangement for barn mellom 3 og 12 år der borna kjem i kreative artige og kreative kostymer. Masse aktivitetar og masse godteri. Borna eeeelskar det. Denne ideen har spredd seg og det vært no arrangert Hallovenn fleire stader i landet. I fjor var den eine jenta vår Geisa i kimono. Me brukte ein kort ettermiddag på å lage kostymet av ei gamal gardin. I år skal veslegut være mexikansk cowboy. (Bilde lengere nede) Me er ikkje ferdige med kostymet enno men har fått laga ein hest i allefall. Denne kan du enkelt lage og veiledning finn du HER.








hoppla



torsdag 24. oktober 2013

Kakkelovn fra blocket.se

I sommar gjorde me vårt største varp. Kjøpte to hundreår gamle kakkelovnar på svensk finn.
Tilsaman kosta dei oss 1000 svenske kroner. Vår gode ven Jan tok ei heil veke av 
sommarferien sinog saman med Andreas satt dei opp ovnen på ei veke.
Det står respekt av det arbeidet det var tungt og skittent. Men resultatet vart fantastisk. 
No skal ovnen turka fram til januar og så skal me fyra. 










Jan bygde







Ferdig kakkelovn i lun og koseleg haustpynta stove.


onsdag 10. juli 2013

onsdag 27. februar 2013

vinteraktivitet med barn

 Når marssola begynner å varma litt her på innlandet er det moleg å
halde på med uteaktivitetar med borna uten å få frostskadar.  Det er kalt når
gradestokken kryp ned mot 20 kalde. I alle fall er det kaldt å gå på skeiser.
 Men mars er vennleg. Med litt kakao i sekken og
ei varmebu i nærleiken kan ein begje seg utpå skeissetur til ein
av dei mange løkkene ein finn på innlandet vinterstid.
 Ein tur på isen i strålande sol. 
Det kan varmt anbefalast å få sovagrisgenerasjonen ut av cyberspace for
nokre timar...

lørdag 23. februar 2013

DIY Tromme av kjeksboks

Når veslegut treng ei tromme:

Havrekjeksboks blei tromme. 
1) Masker trekantar
2) Mal trekantane i ulike fargar (eg plar bruka max tre fargar)


3) Mal minst to strøk


4) Der eg fjerna tapen malte eg tredje fargen og i skøytane la eg på tynt silkeband.


5) Så festa eg ei snor rundt toppen av boksen og i den festa eg 
enno ei snor som reim til å halde tromma i.

6) Malte lokket eitt par strøk
7) Festa på ei duskesnor med pistollim heilt øverst på boksen.


Det heile tok max 45 minuttar og veslegutt er særs nøygd med tromma si :-)



VESLEGUTT KAN TROMMA
TROMMELOMMELOM
HAN HAR TI SMÅ VENNA
SOM KAN SNU SEG OM
OG HAN HAR EIN BALL DU STOR OG RUND SOM SÅ
OG HAN HAR EIN HAMMAR
HEI, KOR DEN KAN SLÅ....

onsdag 20. februar 2013

Spele og synge


Ta det piano.
Skikkelege godstunder er fylt med song og spel heime. Vaksne og born.